Juni-2014-med-Englandsturen-m.m-237.jpg

Det var store forventningar! Gutter og fedre hadde gleda seg i eit år, etter å blant annet ha stelt i stand mange kafèer i kirka til inntekt for englandsturen. Og for å seie det kort: Forventningane vart innfridde til gangs! Me hadde ein tur proppa med oppbyggande fellesskap, opplevingar, oppmuntringar, bønn, profetiar, sol, storby, parkliv, fotball og action! Etter snart to års drift av klubben, var det naturleg med eit «festpreg» på turen – mest av alt utgjort av ein fantastisk god stemning blant fedre og sønner heile vegen! I ein slik atmosfære, var det berre endå lettare å samlast om dei «disippelgjerande aktivitetane» som danna grunnramma for turen.

Parkliv og åndsliv – hand i hand

Londons mange parkanlegg var perfekte for møter, undervisning, lunch, middag, fotball og avslapning. Juni 2014 med Englandsturen m.m 357Fleire gonger om dagen kunne me finne oss til rette i litt rolegare omgivnader i parkane. Peter Tkaczyk underviste i to nye tema. Einar utvida og repeterte andre tema samt leda møtene, diskusjonen, bønn og litt oppgåver. Ein svært viktig del av park-møtene var oppmuntring og profetiar over fedre og sønner. I tur og orden vart alle "bombardert" av godord og oppmuntringar frå dei andre. Einar noterte sirlig ned, slik at alle fekk med seg ei skattekiste av eit ark med oppmuntringsord heim i kofferten. Deretter ba me, søkte Gud og profeterte over personen. iPhonar i opptak gjekk på rundgang, og ein kunne ta meg Juni 2014 med Englandsturen m.m 876seg verdfulle minuttar med ord frå Gud heim – så ein kan dukka meir ned i seinare! Her kom det også masse gode bilete, ord, rettleiing og oppmuntring. Å oppleve kor langt gutane har kome på det å høyre Guds stemme, var sterkt! Dette var veldig fine stunder i fellesskap og ro, og ga ein fin balanse til det hektiske bylivet. Det å bytta mellom ymse undergrunnsbaner var nok det som innebar mest av både spenning og læring i så måte. Nokre av gutane tok etterkvart tak og planla og leia «undergrunnsreisene» når reisefølget var mindre - det var imponerande!

Gudstenestebesøk

Søndag var me på to gudstenester i menigheter i London. På formiddagen brakte ein flott busstur i dobbeldekker oss fram til Hillsong London. Det var heilproft opplegg, lysshow og musikk med masse trøkk, og treffande undervisning frå Sheryl Brady på besøk frå USA.

På ettermiddagen besøkte me ungdomsgudstenesta til Holy Trinity Brompton. Her var det ei roleg atmosfære i eit gammalt, tradisjonelt kirkebygg. Det var ingen stolar eller benkerader. Me sat på puter på golvet. Lovsangere, møteleder og taler midt i lokalet. Ei veldig fin gudsteneste der også. Etter begge gudstenestJuni 2014 med Englandsturen m.m 428ene fekk gutane i oppgåve å gjere eit lite intervju med nokon i menigheten, og dei stilte eit par enkle spørsmål om menighet og trosliv. Ein fin utfordring for dei unge, som skapte eit nærare møte med menigheten. Då dagens talar fekk høyra om Ridderklubben sine aktivitetar, sa han: «You`re so Norwegian»! Han vart inspirert til å starta noko liknande, og fekk med seg noko aktuelt stoff på det.

Utbytterikt treff med fedre og sønner i Oxford

Onsdag tok me tog til Oxford der Einar på forhånd hadde oppretta kontakt med Andrew - ungdomsleder i menigheten St Aldates der. Dei tok svært godt vare på oss og serverte heimelaga pizza i menighetshuset! Vi vart innkvarterte i kvar våre private heimar, som skapte ein ekstra nær kontakt. Veldig hyggelig! På kvelden møttes me til bli-kjent-fotball og "landskamp" England - Norge i ein nydeleg park like ved Christ Church - den største og flottaste av dei mange universitets-katedralane i Oxford! Å møtes slik i leik og morro var ein fin måte å opprette den første kontakten, og fedrene kom i alle fall raskt i prat med kvarandre.

Torsdag sto go-cart for tur! Det vart ein skikkeleg action-dag, og både store og små sjåførar tok ut alt dei hadde. For kvar runde auka ferdighetene og farten, og då me hadde kjørt våre 3x10 minuttar var alle passelegJuni 2014 med Englandsturen m.m 973 "mette", svette, litt mørbanka og alle gjekk derifrå med eit stort smil om munnen, samt ymse blåmerker på ryggane!

Torsdag kveld var det nytt møte med fedre og sønner i den lokale menigheten. Einar forkynte «You got it!» - eit oppmuntrande tema om det å finna tryggleik i livet, og ha Guds kjærleik som fundament. Før avslutning var det så bønn for kvarandre i blanda engelsk-norske-grupper. Andrew uttrykte stor takknemlighet for den kontakten som er oppretta mellom gruppene og menighetene, og at dei tenkjer at dette møtet i Oxford også er starten på noko nytt for si ungdomsgruppe – ikkje minst i høve til å gjera meir med fedre og sønner saman. Og, dei var klare for å gjesta oss i Norge! Det vert spennande å sjå kva vi får til.

Uformelt fellesskap og byliv

I tillegg til hovedingrediensane over, så rakk me også å sjå ein god del av London undervegs. Me hadde eit «ridderlig» bJuni 2014 med Englandsturen m.m 565esøk til Tower of London og Tower bridge. Me var til Greenwich og hadde ein tøff, intern fotballkamp i parken der. Super stemning i gjengen! Det var båttur på Themsen frå Greenwich til "downtown", leik i parken ved London Eye og ein snartur innom British Museum. I området ved kyrkja i Kensington såg me omtrent det som fins av heftige sportsbilar; Maserati, Ferrari, Lamborghini... morro for store og små gutter! Tirsdag var dedikert far-sønn-dag der alle sto fritt til å gjere det dei hadde lyst til sammen, og det vart i etterkant rapportert om mykje kjekke aktivitetar folk hadde gjort. Dei fleste fekk til og med tid til å handle litt.

Det å reise saman slik utviklar fellesskap og relasjonar til kvarandre på ein unik måte. Det har over tid vorte skapt mange gode kvalitetar i gruppa! Vi ser no at dette har utvikla seg til å like masse vera eit «far-sønn-arbeid», som eit «arbeid for unggutane».

Takk!Juni 2014 med Englandsturen m.m 865

Til sist er det på sin plass med ein stor takk for at me fekk vere med på denne dannelses- og festreisa alle sammen: Einar og Dag Ståle har lagt ned eit stort arbeid på forhånd, og under turen, for at alt skulle gå så godt som det gjorde. Dei var også utruleg flinke til å tilpasse opplegget, finne løysingar når det viste seg at det som sto på planen måtte justerast til beste for gruppa. Einar med hovedansvar for innhold, Dag Ståle som "stifinner", organisator og tilrettelegger. Tusen takk for ein fantastisk tur, Einar og Dag-Ståle!

 

For «Rk in the UK» - Endre Eikestad