huskirken_nordhordland_small.jpg

 

Vi har i heile denne tida hatt kontakt og støtte frå Doulosnettverket. Nordhordland er stort geografisk, omlag 30.000 menneske i fleire kommunar. Tyngdepunktet befolkningsmessig er i Knarvik/Frekhaug området.

 

Onsdag 2. juni 2010 vart ein stor dag for menigheten. Vi har halde på ei stund som husmenighet - utan formalisering. Den seinare tid har vi hatt god vekst - vi er blitt mange - og det var på tide "å bli offisiell". Denne onsdagskvelden hadde vi konstituerande årsmøte der vedtekter, trusgrunnlag og namn vart fastsett. No kallar vi oss "Huskirken Nordhordland" - dette skal vera eit nettverk av husmenigheter. Ved nyplanting kan ein tilpassa dette lokalt (td Huskirken Knarvik eller Huskyrkja Leknes). Søknad blir sendt fylkesmann - reknar med at i august er vi klar som offisiell menighet.

 

Vi er einaste lutherske frimenighet i Nordhordland. Sjølv om vi har barnedåp som grunnlag ønskjer vi også å vera ein fullverdig menighet for dei med  baptistisk dåpsyn. Einskap mellom kristne, misjon og utadvendt verksemd er nokre av stikkorda. Så langt er det med folk frå Frekhaug, Knarvik og Leknesområdet - vi ønskjer etter kvart å planta i alle Nordhordlands-kommunane. Og allereie har vi medlemmer som reiser på misjonsoppdrag, mellom anna gjennom prosjekter og besøk i Burundi og Egypt!

 

Rune Litleskare leiar menigheten saman med nyvalgt styre. Ta gjerne kontakt på tlf 90 11 83 22 - evt på email  rune.litleskare@sanofi-aventis.com

 

Med takk for støtte og hjelp  - særleg Reidar Paulsen, men også resten av nettverket! 

 

Guds fred frå oss i Huskirken!

Rune Litleskare