collage_04.jpg

collage_04

 

Her er nokre små glimt frå Doulosnettverkets sommarsamling på Framnes. Frå torsdag 1. til søndag 4. juli sette vel hundre stykker frå alle generasjonar kvarandre stemne her inne i vakre Hardanger.

Dagane gjekk med til seminar, aktivitetar, bading, grilling og mykje fellesskap på tvers av generasjonane.

Ungdomane i Kanal U kom rett frå konferanse i Levanger og evangelisering i Ålesund og starta første kvelden med å vitne om det dei hadde fått vore med på. Søndag avslutta vi med utegudsteneste og nattverd ved Hardangerfjorden.

...og vi gler oss allereie til neste års samling!

(Sjå elles reportasje i DagenMagazinet mandag 5. juli)