IMG_0494.jpg

Tidlegare års MANNScamp var i år gjort om til ein MANNStur på sykkel og i hytte. Den gjekk gjennom ei av mange perler i norsk natur; frå høgfjellet på Finse vestover langs Rallarvegen, og enda ein varm, seinsommars-søndag på Voss. Turen var proppfull med innhald både for ånd, sjel og kropp; ein tur i kameratskap og fellesskap med hovedtema: «MOT» (vær modig og sterk).

 

Oppladningen…

Me starta ut med tog frå Bergen til Finse. Det var seks fedre og åtte søner. Toget var fullt, men gutane fekk sitja saman. Det la fint til rette for ablegøyer og moro, men gav også sjanse til å jobbe i team og lære bibelvers. Det var fredag ettermiddag, og dei voksne karane fekk nyte turen medan toget seig rolig og målbevisst mot Bergensbanens høgste punkt. Med hendene fulle av sekkar og sykkelvesker, ramla me så av toget på Finse, og beina rett til utleigebua for å hente ut syklane. Me fekk ut gode, velholdte syklar. At junior-syklane mangla feste for sykkel-vesker blir ein bagatell når far er kreativ og nevenyttig og får på plass heimelaga veskeoppheng!

 

HøgsesonIMG_0448g på Finse og Guds storleik i naturen

Finsehytta til DNT var stappfull denne helga. Det var omtrent dobbelt så mange gjester som det er vanlege sengeplasser! Det betydde madrass og sovesal for oss. Me endte opp side ved side i daglegstova, der me kraup stille ned i lakenposane, og plugga øyrene grundig med forskjellige variantar «sov-i-ro» for å dempe lydnivået i tilfelle sidemannen skulle dra igang sagbruket. Før me kom så langt hadde me vore på kveldstur langs vatnet, og teke kveldsmaten i det fri. Me avslutta med ein fin «far-son tur»; oppdrag: «Finne/sjå noko som seier oss noko om kven Gud er» og «finne/sjå noko som fortel oss om forholdet mellom far og son». Ein kveld i nærhet til Gud, natur og mellom far og son. Det var inspirerande å dela alt me fann! Eit vitnesbyrd om Guds karaktertrekk i naturen, og i far-son-relasjonen.

IMG_0370

«30 minus»

Me starta tidleg lørdag morgon, for klokka 7 vart me rista ut av svevnen av vertskapet. Med stappfull hytte var valget enkelt: frukost i det fri i idyllen ved vatnet. Etter frukost la me ut på syklane og trakka oss via toppunktet ved Fagernut, og over til Hallingskeid. Det var tilløp til sommar, med vekslande temperatur; så ytterjakkene gjekk av og på og av og på. På eit av dei mest sommarlege punkta passerer me ei krystallklar elv, og ein del av fylgjet fekk seg ein rask dukkert i det kalde fjellvatnet. Ein gut meinte det var 30 minus… «Forfriskande» heiter det på MANNStur!

IMG_0299

Ein helt mellom oss

Rallarvegen byr på både slett grusveg og meir krevande passasjar. I ei utforkjøring er ein av gutane uheldig, fell på sykkelen, og sler seg både i andletet og kraftig i eine armen. Såra vert vaska og plastra, og ein lækjar undersøkjer armen og konkluderer med at det ikkje kan vere brudd.

Han gjennomfører resten av turen sammen med gjengen – går dei mest humpete partia – og syklar til saman rundt 70 km med ein arm på styret, med det som røntgen seinare avslører er brudd i skuldra. DET er styrke og mot! Turens helt var lett å kåre.

 

«Knusefett»

Ettermiddagen på Hallingskeid byr på fjelltur til fots, og ein del får gjensyn med staden der dei låg i snøhule sist vinter. Me høyrer «kuling» og «tjue minus» og forstår at drama, mot og styrke var ingrediensar i den turen! Med storslått utsikt over høgfjellet er det tid for team-arbeid og undervisning med tema knytt til Kaleb og Josva. Me får også teke ut leiken og «villskapen» i oss når den yngre garde startar med steinrulling i dalsidene. Med samla krefter frå både fedre og søner rullar, smell og knuser det kampesteinar så det gnistrar og ryk. Uttrykket «knusefett» fekk endeleg kome skikkeleg til sin rett… medan heile dalføret dunsta knust stein! Sa du at tema for turen var «vær modig og sterk»?

IMG_0388

Seinsumarkick mot Voss

Søndagen startar også tidleg, og etter rask utvask syklar me nokre kilometer nedover dalen og tar frukost i lyngen. Vidare nedover mot Myrdal er det tett mellom naturperler og gode foto-objekt. Me vekslar mellom å nyte og å yte på syklane. Kanskje vart det litt for mykje nyting av naturen, for me får det såpass travelt til neste milepæl – toget mellom Myrdal og Upsete – at det blir spennande om me skal rekke det eller ikkje. Det går akkurat – alle kjem seg på, med syklar, og me er klare for siste sykkeletappe frå Upsete og ned Raundalen til Voss. Det er totalt sett mykje nedover og litt som ein sjarmør-etappe i seinsumarsola. Samtidig er det også heile 44 kilometer å forsere og litt berg-og-dalbane nedover. Me får tynt oss litt i bakkane, kjenner at kreftene minkar for kvart tråkk og at bakenden også har blitt «mørna» gjennom fem mil med grus og humpar.

Når me snart ser utover Vossebygda, kjennest det perfekt å berre å trille «heim» til Voss Pizza og Kebab", og bestille stor og liten, med og uten, ekstra sterk pizza, burger og kebab. Turen er snart slutt, men det er tid igjen til saftis, softis, bading i Vangsvatnet og litt undervisning og arbeid med bibelvers. Men nokre ønskjer seg attende til Rallarvegen raskast råd… Å innta noko av Guds flottaste natur, i stor fart på sykkelsetet, trigga!

 

Minner for liv og evighet 

MANNStur 2013 styrka banda til Gud og skaparverket. Vi fekk kjenna at me er brødre for kvarandre, og fedre og søner vart endå sterkare knytt saman. Vi fekk minner for liv og evighet.

 

For banden på tur – Endre Eikestad