Fotballfrelst_i_familien_1.jpg

 

Klistremerkebok

Det er spesielt under dei store fotballmeisterskapa, EM og VM, at fotballinteressa til Arne Kristoffer kjem til uttrykk. Til vanleg speler han sjølv ein gong i veka på fotballaget Digg med nokre kompisar. Det hender òg at han tar seg ein tur på Brann stadion med far sin, for å sjå Brann møte andre lag i Tippeligaen. Under dei store meisterskapa når interessa nye høgder.

– Sidan eg var 8 år har eg samla klistremerker under dei store fotballmeisterskapa. Denne gongen måtte bror min kjøpe ei klistremerkebok i England fordi dei var utseld her i Bergen, seier Arne Kristoffer. Han seier at sonen Alexander på 4 veker endå ikkje har fått tilsvarande klistremerkebok, men at det kanskje blir kjøpt inn ei til han òg til EM om fire år. Arne Kristoffer seier det skal mykje til for at han droppar ein fotballkamp i EM. – Det er for eksempel uaktuelt å droppe ein semifinale i EM til fordel for kosekveld med romantisk komedie, seier han.

Ser kampane på nett

Det unge ekteparet er busett i Bergen og 10. mai kom sonen Alexander til verda. Dagen besøker dei medan opningskampane under fotball-EM i Polen vert spela, og Arne Kristoffer ser kampen mellom Russland og Tsjekkia på smarttelefonen sin under intervjuet - fordi akkurat den kampen ikkje gjekk på TV 2. – Eg syns det er veldig greit å sjå kampane på nett, for då slepp vi å bruke så mykje tid og pengar på fjernsyn. Så kan eg sjølv velje kva eg vil sjå på NRK sin web-tv og på TV 2 Sumo, seier han.

 

Fotballfrelst_i_familien_2

FOTBALLINTERESSE: Fotballinteressa er ulikt fordelt i familien til Arne Kristoffer og Miriam Haaland. Dei har planlagt kva fotballkampar Arne Kristoffer skal sjå under årets fotball-EM.

 

Ei grense

At fotballinteressa til Arne Kristoffer er høg, er det ingen som helst tvil om. Ikkje eingong etter at han vart far, har interessa minska i styrke, sjølv om han no må prioritere på ein annan måte. Miriam er opptatt av at Arne Kristoffer si fotballinteresse ikkje skal gå utover tida den lille familien har saman.

– Vanlegvis ser han ikkje så mykje på fotball, og det er heilt greit at han er interessert og har ein sånn «gutte-ting», seier Miriam som innrømmer at det går ei grense. – Viss han skal sjå fotballextra på TV 2 etter å ha vore på fotballkamp, kan eg verte litt irritert, seier ho. Arne Kristoffer vedgår at det vert litt mindre fotball med ein nyfødd son i huset. – Fotballinteressa har ikkje endra seg, men eg må jo endre litt kor mykje tid eg brukar på det, seier han.

Tippekonkurranse

Under årets fotball-EM har Arne Kristoffer inngått ein tippekonkurranse med ein del kompisar. Han har tippa resultatet i alle kampane som vert spela i fotball-EM, og har stor tru på si tipping.

– Eg er sikker på at Tyskland vinn fotball-EM. Eg er litt kjepphøg når det gjeld tipping av resultat, fordi eg vann forrige gang me tippa slik og eg har ei veldig god kjensle denne gongen òg, seier han.

Planlegging

Ei som veit ein heil del om korleis det er å leve i ein familie med fotballinteresserte, er mora til Arne Kristoffer. Marit Bye Haaland hadde på det meste sju fotballinteresserte menn i huset sitt.

– Eg har hatt fem søner og ein mann som har spelt fotball opp gjennom, og i tre år hadde eg òg ein nevø som gjekk på fotballgymnas i Bergen. Så eg har litt erfaring, for å sei det sånn, fortel Bye Haaland. Ho trur det meste kan løysast gjennom planlegging og god kommunikasjon. – Det kan bli for mykje fotball viss ein ikkje vel og planlegg litt. Ein må møtast på halvvegen, og på førehand av eit meisterskap velje ut kva kampar ein vil sjå. På den måten kan ein legge litt planar, forklarar ho.

Snakk saman

Saman har Miriam og Arne Kristoffer allereie planlagt kva kampar Arne Kristoffer kan sjå saman med kompisar, kva kampar han kan sjå heime og kva kampar han kanskje ikkje treng å sjå. – Eg opplever ikkje Miriam som vanskeleg eller sår på dette punktet, seier han.

Under fotball-VM i Tyskland for to år sidan, var ikkje Miriam like førebudd på Arne si fotballinteresse. Då hadde dei berre vore gift i eit år.

– Eg blei overraska over kor mykje fotball han såg og kor viktig det var for han. Eg hugsar at det blei litt mykje og at eg sakna å ha tid med han, seier ho. I ettertid har dei lært at det hjelper å snakke saman og planlegge litt kva kampar ein skal sjå. – Ein må snakke opent om det saman undervegs i meisterskapet, og det er viktig å gi og ta - som med alt anna i ekteskapet, seier ekteparet.

Dårleg spor

Arne Kristoffer trur òg det er viktig at den som ikkje er interessert i fotball tar den andre si fotballinteresse på alvor.

– Ein bør ikkje harselere med fotballinteressa, for då er ein inne på eit dårleg spor, meiner han.

--

Intervjuet ble først publisert i Dagen mandag 11. juni 2012 og er gjengitt her med tillatelse.