IMG_4534.jpg

Søndag 27.april etter gudstenesta var Ridderklubben klar for ny, spennande hovedsamling. Denne gongen er det ”OppdragsOrientering” med Landåsfjellet som tumle-mark. På ei utesamling med variert program er det kjekt med godt ver - og denne dagen signar Gud oss med det aller beste vårveret ein kan tenka seg! Det hadde Han sjølvsagt gjort i ruskever også, men det er strålande vår og Bergen på sitt beste! I alt 11 Ridder-aspiranter, 9 fedre og forstandar Håvard Berger møttes på Nattlandsfjellet. Der gir Einar oss ein inspirerande introduksjon til turen, det blir påfyll av litt energi frå frukt og bollar, før den yngre garde vert sendt ut på del 1 av dagens hovedaktivitet - Oppdragsorientering. Gutta opererer i team, og får utfordringar og morro på forskjellige plan: dei skal finne vegen til postar ute i terrenget der dei samarbeider om å løyse oppgåver. Dei får bryne seg og boltre seg i spørsmål og oppgåver om natur og bibelvers, og skal i løpet av ein times tid fullføre del 1 av orienteringa og komme fram til dagens BaseCamp oppe på Landåsfjellet.

IMG_4469IMG_4492

Fedre-gjengen klarer - via litt komplikasjonar, avledning og omvegar - også såvidt BaseCamp! Hm, her snakkar vi i alle fall om ”villspor”… Der får dei det travelt med å få varme i 5 stormkjøkken - for no skal det steikjast pannekaker! Fleirfoldige flasker røre er medbrakt i sekkane, og etterkvart som Ridderaspirantane strøymer inn frå orienteiringa, blir det også fart i steikinga. I starten er nok etterspørselen større enn tilbudet på pannekaker - nokon må vente litt lenge på første servering - men etter kvart blir det bra med kaker til alle. Med bacon, syltetøy eller begge deler!

Håvard samlar Ridderane til tale over dagens hovedtema - "En ekte Ridder er sin Sjels Kaptein". Nokre stikkord og gullkorn derifrå: "Bare død fisk følger strømmen", at unge menn frå Bibelen som Daniel, Josef m.fl. ikkje "lot seg drive hit og dit" av omgivelsene, men hadde retning og fasthet i kroppen, som gjorde til at dei sette kurs midt i omgivnadene, istadenfor å bli kasta hit og dit av dei. Gutta hørte om kamelonen, som skifter farge til omgivelsene - at det ikkje er eit mål for ein ung mann. Verset var: "Den som styrer sitt sinn, er bedre enn den som inntar en by" (Ord.16,32)

IMG_4503IMG_4476

Etter tale og mat skal gutta ut på siste del av orienteringa for å løyse oppgåver. Dei skal mellom anna klatre opp i eit tre og ta "selfie"-bilde av heile teamet sitt. Det er ein post for bønn med B&C - be for venner og for kvarandre, og det er mulighet for å vise kor godt dei har pugga bibelvers gjennom tida i Ridderklubben - alt med imponerande resultat! Alle oppgåvene gir poeng i den interne team-konkurransen, der vinnarteamet får ein spennande premie på slutten av semesteret. Løypa er ikkje enkel, og med fristen til å komme inn til BaseCamp i tide, blir det eit skikkelig sekund-drama på slutten for å unngå poeng-trekk for å gå over tilmålt tid. Hm, kanskje likevel mindre ”på villspor” enn fedrene!?

Einar oppsummerer dagen til slutt, me rydder nøye opp etter oss i BaseCamp, og tar turen tilbake "sivilisasjonen" - trøtte og glade!

For Ridderklubbfedrene – Endre Eikestad, now back on track